Dei neste kampane: |
||||||||||||||||||||
7.02.10 amf | ||||||||||||||||||||
Jenter 14år: Kjempekamp av Voldajentene - påførte topplaget sesongens første tap. |
|
J14 Volda – Spjelkavik 18-16 (10-8) Serieledarane frå Spjelkavik kom til Voldahallen laurdag utan tap denne sesongen, og ganske sikre på siger. Dette ville jentene gjere noko med, og det viste dei også. Volda tok føringa i kampen frå start, og hadde ei leiing på heile fem mål før Spjelkavik skjerpa seg. Etter dette følgde laga kvarandre tett, begge med godt forsvarsarbeid. Volda klarte å halde avstand, og gjekk til pause med ei tomålsleiing. Etter pause var Spjelkavik meir på høgget, men jentene var flinke å forstyrre angrepsspelet til Ålesundsjentene, samtidig som det var fart framover på bana. Sluttminutta var intense og i perioder var det berre ett mål mellom laga – men Volda klarte å halde hovudet kaldt og drog sigeren jublande i land! Denne kampen vart ein skikkelig lagsiger. Alle kjempa og konsentrerte seg om oppgåvene sine. Tiril tok skuddansvar i 1.omg og skårte 5 av dei 6 første måla. Auria og Tonje spelte også godt, begge med 4 mål kvar. Kampfakta: Thea, Sigrid 1, Regine 1, Tonje 4, Auria 4, Tiril 6, Rakel 2, Larisa, Ann Laurin, Kristine, Mari og Eline.
| |
GUTAR 14 ÅR, VOLDA - ROLLON 24 - 14 |
||
|
Ein ny siger til Gutar 14 år i Voldahallen i dag, då vi slo Rollon 24-14. Stillinga ved pause var 12 - 6 til oss. I dag mangla vi litt fokus og konsentrasjon, mulig gutane undervurderte motstandaren. Vi slapp inn for mange mål som skyldast dårleg forsvarsarbeid, og framover bomma vi på altfor mange 100 prosent-sjansar. Men klart, når vi vinn med 10 mål, må vi vere nok nøgde. Desse var med: Milos (mv), Sondre (4), Pål Henrik, Henning, Sindre (9), Audun (3), Olav, Haris (2) og Trygve (6). Ståle M., 7.2.2010 Fotoalbum frå nokre av kampane i helga: | ||
| ||
Jenter 16år: To sigrar og to tap i helga. |
||
Det har vor ei travel helg for 16-årsjentene våre. Mange sjuke og skadde spelarar gjorde at vi akkurat greidde å stable på beina to lag på laurdag til kampane mot Blindheim (borte) og Aksla (heime). Mykje bra blei prestert, men også ein del å jobbe med. | ||
| Les meir her: | ||
SAL AV FASTELAVENSRIS |
|
|
Gutar 14 skal selje 400 fastelavensris for Volda sanitetsforeining frå no måndag 8. til laurdag 13. februar. (VTI-Fotball Jenter 1996 skal selje like tal ris.) Volda Handball får kr. 10.000,- for dette salet. Dersom nokon andre i handballgruppa kan tenke seg å hjelpe oss med salet, kan de møte opp i Voldahallen måndag 8. februar kl. 18.00 og få utdelt fastelavensris. På førehand takk for hjelpa! Ståle M., 6. februar 2010 | |
GUTAR 14 ÅR, VOLDA - VALDER 33 - 16, VOLDA - HARAM 26 - 12 |
|
|
Forrige sundag 31. januar spela vi to kampar i Voldahallen, mot Valder og Haram, og det vart sigrar i begge kampane. Vi vinn komfortabelt, men eg synest vi likevel slepp inn litt for mange mål. Forsvarspelet har betra seg, men vi har endå mykje å øve på. Framover har vi rimeleg bra utteljing. Desse spelte mot Valder: Milos (mv), Sondre (5), Pål Henrik, Sindre (12), Audun (5), Martin (4), Olav (1), Trygve (4), Haris (2) Jonathan og Henning. Og same gutane mot Haram: Milos (mv), Sondre (3), Pål Henrik, Sindre (14), Audun (2), Martin (2), Olav, Trygve (3), Haris (2), Jonathan og Henning. Ståle M., 6. februar 2010
| |
Volda vidaregåande kan til hausten tilby: Studiespesialisering med handball. |
||
| ||
| ||
Unikt samarbeid mellom Volda Handball og Volda Vidaregåande skule. |
||
I dag blei det klart at Volda vidaregåande skule frå hausten av kan tilby Studiespesialisering med toppidrett handball for elevar på Vg1 og Vg2. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Volda vidaregåande skule, Volda Handball og Norges Håndballforbund. Elevar som vil satse på handball, kan no trene 5 skuletimar i veka i tillegg til at dei kan sikre seg spesiell eller generell studiekompetanse innanfor normaltida på tre år. Opplegget som blir nytta er utvikla og testa ut på ei rekkje vidaregåande skular som har handball som toppidrettsfag. Meir om opplegget finn du i informasjonsskrivet ein annan plass på sida. | ||
Styrkeprogram for sonespelarar og andre.... |
|
I samband med RMN sitt spelarutviklingsarbeid har styrketrening fått langt større fokus. Alle spelarar i dei ulike utviklingsmiljøa skal kartleggast fysisk med enkle testar gjennom sesongen. Målet med dette programmet er å gi alle håndballspelarar eit verktøy for å skaffe seg nødvendig stabiliserande styrke i buk- og ryggmuskulatur. Programmet finn du her: | |
| 1 |







