Handballskule i vinterferien

Hurra! No vert det handballskule i vinterferien igjen! Påmeldinga er open, og alle frå 1. – 7. klasse kan melde seg på måndag, tysdag og onsdag i veke 8, frå klokka 0900-1500.

Handballskulen er i regi av Norges Håndballforbund og Rema 1000. Tilbodet er for alle, anten bornet spelar handball frå før eller berre har lyst til å prøve seg, leike med ball og ha det kjekt ilag med jamnaldringar i vinterferien.


Dette er REMA 1000 handballskule:  

Det vil bli lagt opp til allsidig trening og leik, slik at barna har det gøy. Det vert servert lunsj kvar dag, men det kan være lurt at dei tek med ekstra drikke og frukt eller liknande til mellommåltid.

I tillegg til mykje moro, får ungane også ein utstyrspakke med egen handball og t-skjorte.  


Påmelding:  
Meld på via www.handball.no/handballskoler. Finn Volda i lista, klikk deg inn og fyll ut skjemaet.
For meir informasjon, kan du kontakte Linda Engjaberg på e-post: linda.engjaberg@gmail.com eller tlf.: 977 90 657